OM OSS
Vest Hydraulikk stifta i 2020
I 2006 vart Nondal industriservice stifta som eit enkeltmannsforetak av Tore Nondal.
Etterkvart som åra gjekk, utvikla firmaet seg og vart større. Kundegruppa og oppdraga auka, og tida for ekspandering var komen. Fleire tilsette kom til, i tillegg til Hilde Gunn Sellevoll, som har vore med frå den spede starten.
I 2019 kom ideen og tanken om å skilje ut hydraulikkdelen av Nondal industriservice, til ein eigen sjølvstendig virksomhet. Ambisjonane var å bygge ein stødig grunnmur med kvalitet i alle ledd, utvide konseptet og skape god vekst innan få år.
Ove Johnny Sundbotten vart «headhunta», og vart ein del av eigargruppa.
5. april 2020 såg Vest hydraulikk dagens lys.